Back to All Events

Ingrid Eriksen Hagen

28. september, kl 13-17:

Noregs eldste koralbok - tabulaturverkstaden

Velkomen til rebusløp i Bach og Buxtehude sin hurtig-noteskrift! Her kan du få prøve deg som kodeknekkar. Noregs eldste koralbok LW 1664 er på eksklusivt besøk frå Nasjonalbiblioteket i Oslo. Den var sannsynlegvis i bruk i Nykirken i Bergen frå ca 1680-talet til 1760-talet. Den er i ferd med å digitaliserast, og du kan få ein smakebit på transkripsjonsarbeidet: Ikkje berre skal bokstavane tydast og omreknast til notar, men dei er gjerne skrivne oppå kvarandre i manuskriptet, så her må det ordentlig detektivarbeid til. Om du er heldig, kan du få høyre løysinga di framført på klavikord!

Med Margrethe Bue, Nasjonalbiblioteket, og Ingrid E. Hagen, klavikord og edisjonsprosjekt.



Earlier Event: September 26
Ingrid Eriksen Hagen