Back to All Events

Ensemble Hieronymus

Rosenmüller, Schütz og Schmelzer – tysk musikk frå trettiårskrigen (1618-1648)

7.juli. Linderud gård kl.13

I dette prosjektet presenterer Ensemble Hieronymus musikk skriven av tyskspråklige komponistar som enten hadde sitt virke eller blei født under trettiårskrigen. Dette var ein brutal og øydeleggande konflikt av internasjonale dimensjonar utkjempa i dei tyske områda mellom 1618 og 1648, der både Sverige, Danmark, og Frankrike til tider var involvert. Ved å ha fokus på tyske komponistar frå denne perioden, vil ensemblet løfte fram musikk som er lite, om i det heile tatt, spela i Noreg. Stammen i repertoaret er henta frå songar av Johann Rosenmüller (1619-1684) og Heinrich Schütz (1585-1672), samt sonatar for fiolin av Johann Heinrich Schmeltzer (1623-1688). Under konserten vil publikum bli presentert for viktige hendingar i det tyske samfunnet i tidsrommet då dei forskjellige stykka blei publisert, og slik kople saman historie og musikk.

Ensemble Hieronymus består av
Inger Øvrebø Uberg - sopran
Inga Matilde Gorset - barokkfiolin
Oda Habbestad - barokkfiolin
Kristine Rustad - viola da gamba
Thomas Schoofs Melheim - teorbe

Inngang: 200/100

7.juli. Linderud gård kl.13
8.juli. Høvik kirke kl.19
9.juli. Nesodden kirke kl.19

Earlier Event: June 25
Ensemble Hieronymus
Later Event: July 8
Ensemble Hieronymus